IKEA Platsa hack

Kategori: Interiør

25–02–2025







Å bygge eit skap: IKEA Platsa malt i glossy gulvmaling NCS S4050-G60Y. 3 x 3 seksjonar, prinsippet er enkelt. Første modul blir delt i to og er open skohylle. Andre modul er høg med dører og plass til å henge jakker. Tredje modul er lav med dører og plass til pledd og skokrem. Sidan absolutt ingen golv i huset er rett fram måtte eg hjelpe underlaget litt med klossar, malt kvit for å forsvinne mest inn i flisegolvet. Knottane er ovale Enryda (også IKEA), og gir den heilt perfekte rare prikken over i-en.




IKEA Platsa i planleggingssystemet.

Magasinhylle

Kategori: Interiør

10–11–2024



Me har eit slags hol i veggen. Der det før har vore eit vindauge, som var for stort for at huset kunne bære det. Opninga er tett, men sidan alt er tømmer er det ikkje mogleg å reparere hólet på usynlig vis. Derfor er det ei hylle i hólet. Det er ingenting feil med den, men den er svært grunn (for å ikkje vere i vegen for trappa), og heilt tydeleg tilrettelagt for å ha fjernsyn på denne veggen. Sidan me ikkje er i besittelse av nok fjernsyn til alle rom i huset, og generelt er litt skeptisk til å ha ei heil hylle med nips: kva skal ein så ha i ei slik smal hylle? (for grunn for bøker)

Planen vert dermed å bygge ei ny hylle, av typen magasin. Ganske lik men med jamnare fordeling av hylleplater, kanskje ein liten skråstilling slik at magasina ligger fint? (spørjeteikn ved siste, mogleg det er unødvendig komplisert) Det viktigste blir uansett å feste greiene på ei stor nok furuplate til å dekke hólet i veggen. Spørsmålet blir så om ein skal la den gulne naturlig og bli som tømmeret i veggane, eller olje den mørkare. Blir det litt daft med så mykje furu? (veggar, golv og trapp er furu - bord, stolar og sofa er flammebjørk) Eg skyr ikkje litt miks av tresortar.






Hylla det er snakk om.

Lysesyake

Kategori: Interiør

09–11–2024


   
Nedtelling til jul: ein lysestake over den vesle omnen på kjøkkenet.


©Johanne Karlsrudjohanneka.com2010 – 2026