Kva farge skal skåpet ha?
Kategori: Interiør
11–01–2025
Når prislappen er spart opp blir det lukka garderobeskap på heimekontoret. IKEA Platsa ferdig planlagt, med skohylle nederst, jakker i midten, og rotehyller øverst (garderoben står saman med heimekontoret, ein kan godt trenge litt plass å legge kamerautstyr og ledningar utan at dei er framme i dagen). Men kvit er uaktuelt, kva farge skal ein male? Grønn, gul eller oransje? Eller noko heilt anna.
Moodboard: hyller
Kategori: Interiør
10–01–2025
Har ein greie for rart plasserte hyller for tida. Vinhylle over døra? Ja takk. Hyller framfor vindauget? Don’t mind if I do. Spesielt vindauger der utsikta kanskje er like fin med eit par planter eller vaser framfor. Vurderer noko slikt i garderoben.
Moodboard: malt trapp
Kategori: Interiør
10–01–2025
Trappa var noko av det me verkeleg falt for då me var på visning første gang. Diverre er kun den nederste delen original, og trappa frå andre til tredje etasje er ein annan både form og farge. Ei mogeleg forbetring er å male heile i same farge: men kva skal ein gå for?
Moodboard: bad
Kategori: Interiør
10–01–2025
Drøymer om eit lite gult bad. Dagens bad har marokkansk leire i oransje/bruntone, som på ingen måte er det verste. Men det er litt mørkt på eit lite bad utan vindauger og naturlig lys. Neste gang blir det smørgule fliser.
Moodboard: kjøkken
Ka tegori: Interiør
I eit hus med tre kjøkken er det alltid godt å samle på inspirasjon. Eg har fått mitt gule og mitt blå kjøkken, men er framleis open for budsjettvennlige løysingar for forbetring; og kanskje neste prosjekt blir grovkjøkkenet i første etasje?
Magasinhylle
Kategori: Interiør
10–11–2024
Me har eit slags hol i veggen. Der det før har vore eit vindauge, som var for stort for at huset kunne bære det. Opninga er tett, men sidan alt er tømmer er det ikkje mogleg å reparere hólet på usynlig vis. Derfor er det ei hylle i hólet. Det er ingenting feil med den, men den er svært grunn (for å ikkje vere i vegen for trappa), og heilt tydeleg tilrettelagt for å ha fjernsyn på denne veggen. Sidan me ikkje er i besittelse av nok fjernsyn til alle rom i huset, og generelt er litt skeptisk til å ha ei heil hylle med nips: kva skal ein så ha i ei slik smal hylle? (for grunn for bøker)
Planen vert dermed å bygge ei ny hylle, av typen magasin. Ganske lik men med jamnare fordeling av hylleplater, kanskje ein liten skråstilling slik at magasina ligger fint? (spørjeteikn ved siste, mogleg det er unødvendig komplisert) Det viktigste blir uansett å feste greiene på ei stor nok furuplate til å dekke hólet i veggen. Spørsmålet blir så om ein skal la den gulne naturlig og bli som tømmeret i veggane, eller olje den mørkare. Blir det litt daft med så mykje furu? (veggar, golv og trapp er furu - bord, stolar og sofa er flammebjørk) Eg skyr ikkje litt miks av tresortar.
Lysesyake
Kategori: Interiør
09–11–2024
Nedtelling til jul: ein lysestake over den vesle omnen på kjøkkenet.