23

Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019

01–02–2016



        Søndag vart eg heile 23 år, drakk øl og åt is i Berlin. 23 vert spanande, eg skal skriva ferdig bachelor og finne ut kva som kjem etterpå. Tankane mine rundt det har gjennomgått litt endringar for tida, kanskje fordi det plutseleg slo meg at eg allereie har funne det eg vil drive med. Eg vil jo tusje plakatar og flytte på tekstboksar og setje saman foto resten av livet. Så no handlar det meir om å snuble ned vegen eg har funne, enn å velje ut kva sti eg burde ta. Så kjem eg vel fram til slutt, sjølv om det vert nokre omvegar.


©Johanne Karlsrudjohanneka.com2010 – 2026