Fünfte Woche

Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019

07–02–2016


        Eigentleg skulle eg vere fire veker i Berlin, men klarte å strekke det til fem. Den siste veka flytta eg frå leiligheita i Johanniterstrasse til eit rom med svære vindauger i Gneisenaustrasse. Taket var nesten overveldande høgt og null kjøkken tilgjengeleg – men verkeleg bra takeaway rett rundt hjørnet til skarve 3-4 euro. Skal eg tilbake til Berlin nokongong er dette øverst på lista over stader eg vil bu. Det kjennes litt tomt å ikkje skulle ta U1 til Kotbusser Tor på mandag, fem veker gjekk litt for fort, men det var så verd det.



©Johanne Karlsrudjohanneka.com2010 – 2026