Lights
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
15–11–201
Reykjavik har ein mørketid-tradisjon. Lysande trær. I kvar gate finn ein minst eitt lyssett tre som speiglar seg i parkerte bilar og mørke vindauger. Ein roleg fredagskveld kan ein gå heilt uforstyrra og berre nyte synet og stillheita. Reykjavik er den stillaste byen eg veit. Og eg blir berre meir og meir forelska.