Medan det regnar
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
18–04–2013
Vårsola har blitt byta ut med vårregn i Bergen. Pøsande, styrtande vårregn faktisk, men på eit merkeleg vis er det litt herleg det óg. På eit par regnværsdagar fekk eg gjort unna alt eg hang etter med pluss ting eg berre hadde lyst til, og det kjennes skikkeleg bra. Regnværsdagar er for meg i det minste veldig effektive. Og eg treng dei sidan det er mykje som foregår akkurat no. Men i kveld kjem langvegsfrå-besøk nummer to, og eg gler meg som eg gjorde når eg var ti år yngre! Døgnet har akkurat passe med timar for tida, og eg elskar når det er sånn.