Half
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
21–10–2014
Den første snøen kom til Reykjavik i natt, alt er litt stillare og mjukare enn vanleg. Eg elskar at det er skikkeleg snø og ikkje halvblaut slaps. Elskar kor lyst alt blir sjølv om mørkret kjem tidlegare enn nokongong. Eg kjem til å sakne å vere utvekslingselev på ei vulkansk øy oppe i nord. Men eg kjenner i heile meg at det ikkje er siste gong eg er her over lengre tid. Ikkje kort tid heller for den slags skuld. Men aller først skal eg ha to fantastiske månader til.