Around the corner

Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019

22–05–2016



        Dei siste åra på Kunst- og designhøgskolen har eg brukt mykje tid på å lure på kva som eigentleg skal skje no. Så det kjennes litt rart å plutseleg vere her. 23 år, ferdig med bachelorgrad i visuell kommunikasjon, ein tåkelagd sti framover eller kva no enn som dukkar opp til ein nyutdanna grafisk designar. Det spørsmålet eg får kanskje aller mest er om det eigentleg går an å leve av grafisk design. Etter kvart byrjar ein å stille seg sjølv same spørsmål. Utan å få svar.

        Skulle eg flytte tilbake til Reykjavik, ta ein master og utsette tomheita eit par år til, få meg ein halvrelevant jobb eller eit trongt freelancekontor med tynne pappveggar. Ein ombestemmer seg liksom tre gonger for dagen minst. Men for eit halvt år sidan vart eit val tatt. I byrjinga kjendes det litt framand, som når ein planlegg å reise saman til sommaren men innerst inne veit at det aldri vert noko av. Berre at denne gongen vert det noko av.

        Me blir til eit heilt lite AS; Hanne, Aurora og meg. JAHJAH (for Johanne Aurora Hanne sjølvsagt) og me skal ha eit pittelite kontor med sjølvkonstruert arkitektskuffe-sofa og kaffitraktar i vinduskarmen.



©Johanne Karlsrudjohanneka.com2010 – 2026