Notes
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
25–08–2014
Så her sit eg, første skuledag og et gulrotkake til lunsj. Skulen er så som så. Så ærleg kan eg vel vere. Ikkje like stor fleksibilitet som eg hadde håpa på, men elles er det veldig lovande. Akkurat den delen kjem litt i andre rekke for meg. Det er så overveldande mykje bra her at eg klarer ikkje verte skuffa om eg så hadde prøvd. Dette kjennes som heime allereie. Neste søndag skal eg nordover for å sjå på endå meir natur, pluss fuglar og kystlinje. Nokon ting må ein få gjort før vinteren set inn og været gjer det vanskelegare å gjennomføre. Eg har allereie fått favorittstader i Reykjavik, og eg gler meg til å gjøyme meg på kafé kalde vinterdagar og grave meg ned i tjukke ullskjerf (sistnevnte har eg allereie byrja med – her er det 13 grader toppen, bra at eg trives i kulden.)
Førebels bur eg på hostel, og sjølv om eg er svært positivt overraska over kor bra det går å bu i eit køysengerom med 12 andre jenter blir det fantastisk å få noko som er mitt. Eg har kjøpt to kaffikoppar og eit lite kaffibrett og gler meg til å kunne brygge kaffi på mitt eige rom før eg skal på skulen. Me har ikkje undervisning før klokka 13, som opnar for bra morgonar og lite stress (eg hatar å stresse). Kanskje til og med litt produktiv jobbing, eg har ein tendens til å vakne tidleg sjølv når eg ikkje trenger det.
Eg kjem til å lage ein Reykjavik-guide. Eg er klar over at etterspurnaden for ein slik guide er svært liten – men eg oppdagar for mykje bra her som ikkje er tipsa om nokonstad til å la vere. Plutseleg ein dag er det nokon som skal til Reykjavik og som trenger akkurat ein slik type guide som eg kan lage. Dessutan er det fint for min eigen del også! På bloggen opprettar eg kategorien «Reykjavik» for å dele favorittstader i byen, og «Island» for meir generelle fotosamlingar etc. Dette landet er perfekt for meg. Eg har gjort eit bra val.