Ting eg lærte i Italia
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
30–06–2013
Det skulle ein liten landsby i fjellsida i Italia til for at eg skulle forstå kor viktig det er å leve her og no. Eg tenkte jo heile tida at eg allereie gjorde det. For det går jo eigentleg ikkje an å leve i nokon annan tid enn den me er i akkurat no. Men å leve i augneblinken handlar om å ta tankane med. Sansane med. Å klare å finne det vakre akkurat her og ikkje forsvinne inn i det som skal vere om ei veke eller det som var for to dagar sidan.
I Villa Faraldi levde eg for første gong akkurat her og no, eller der og då. Akkurat då var det berre meg og brusteinene under føtne. Lukta av kvite klatreblomar. Lyden av brusande oliventrær. Eg hadde all tid å verda, all tid i verda til å kjenne etter. Og når ein kjenner etter, gjer det lenge nok, så finn ein ut av veldig mykje. Kjenner seg sjølv på ny. Og kjenner akkurat kva som er heilt rett. Ned i tærne.
I Italia lærte eg kor rett det er for meg å drive med grafisk design. Kor rett det er at eg skal gå på Kunst- og Designhøgskulen til hausten. Kor bra kjærast eg har. Kor viktig det er å ta ting i det tempoet ein trenger. Kor viktig det er å faktisk kjenne etter. At å nyte kvar augneblink som den er utan å flykte, gir meg noko djupare enn berre glede. Kanskje til og med lykke.
Som det står på setetrekka til Norwegian; Enjoy your time here. You are almost there.