Grain
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
29–10–2015
Resten av dei kornete svartkvittbileta eg tok på Island i august. Lengtar sånn pittelitt.
Október
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
06–10–2015
Fire fantastiske oktoberdagar på favorittøya. Seks veker sidan forrige visitt, skal klare å halde meg heime litt lengre denne gongen. Trur eg.
Reykjavík guide
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
02–05–2015
HallgrímskirkjaEiríksgata
Ei ganske annleis og minimalistisk kyrkje. Eg tykkjer ho er heilt fantastisk både utanpå og inni – gløym ikkje å nyte synet av orgelet om du går inn (noko som er gratis). Ein kan også ta ein tur opp i tårnet for 700 ISK og få ei nydeleg utsikt 360 over Reykjavik. Det er ikkje trepper, men heis, som er litt rart men også ganske fint om ein har med seg reisefølgje som er dårleg til beins (besteforeldre for eksempel).
Sundhöll ReykjavíkurBergþórugata
Badebassenget eg kjøpte meg klippekort til under opphaldet. Det er mest sentrumsnært og har innandørs basseng pluss to hotpots utandørs. (les: alle svømmebasseng på Island har hotpots og naturleg varma basseng – og dei er svært kry over dei)
LaugardalslaugSundlaugarvegur 30
Eit større utandørs basseng om ein skulle ønske litt meir areale å boltre seg på! Ligg litt utanfor sentrum, men er lett tilgjengeleg med buss om det ikkje skal vere praktisk å gå 40-45 minuttar.
Norræna HúsiðSturlagata 5
Ein fin liten spasertur langs tjernet i midten av Reykjavik fører deg til høgskuleområdet – og dette huset. Teikna av Alvar Aalto og absolutt verd eit besøk. Det er ofte opera-konsertar her, og ei lita utstilling i kjellaren, men sjølve huset er hovedattraksjonen. Nydeleg blanding av mørkt tre, glas og betong, i alle fall arkitektur eg er stor fan av.
Tips: sett deg på ein vindusplass i Aalto Bisto og ta ein brus medan du ser utover byen. Dette er akkurat langt nok frå bykjerna til at du får eit overblikk – og det er eit vakkert skode.
HarpaAusturbakki 2
Konserthuset er eit imponerande bygg, og ligg i eit område det er vakert å spasere på dagar der vinden ikkje bles deg i bakken.
SolfarSæbraut (gangstien)
Skulpturen av Jón Gunnar Árnason ligg ved vatnet og tilbyr ein vakker utsikt til fjella og øyene utanfor Reykjavik. Absolutt verd ein spasertur, men OBS – her bles det alltid frå havet.
Listasafn Reykjavíkur
Hafnarhús – Tryggvagata 17
Kjarvalsstadir – Flókagata 24
Ásmundarsafn – Stígtun
Utstillingane endrer seg ofte, med unntak av nokre faste. Dei er flinke til å plukke ut og vise islandske kunstnarar!
Micro Bar
Austurstræti
Øl! Mikroøl! Her har dei alltid 10 forskjellige på tapp og ein haug på flaske. Samanlikna med mange andre stader er 10 kanskje ikkje så mykje – men det er det meste du får i Reykjavik! Alkoholprisane er som norske.
Tips: bestill smakebrett på anten 5 eller 10 små glas med prøvar av tapp-ølet, eller gå for 0,33 framfor 0,5-glas med øl så får ein smakt litt forskjellig.
Reykjavik Roasters
Kárastígur 1 (Frakkastígur)
Den beste kaffien i Reykjvavik. Dei brenner bønnene sjølv (som namnet indikerer) i lokalet med ein ganske kosleg blå kaffibrennar. Dette foregår omtrent tre gonger i veka, så sjansen er stor for at ein får sildrande kaffibønner som soundtrack til kaffien. Elles spelar dei vinyl, som er ganske bra bakgrunnsmusikk det også. Lokalet er mellomstort, og i turistsessongen må ein rekne med å måtte dele bord med fleire eller satse på takeaway. I vintermånadane er dette det ultimate krypinn der ein kan ta med seg datamaskin og notatbok og arbeide i timesvis (det er stikkontaktar for lading ved fleire av borda)
Tips: det er fleire bord bak disken, ikkje gje opp å få plass før du har sjekka der. Her får du handbrygga kaffi, gå for Kalita eller Aeropress om du vil ha svart. Om de er to eller fleire går det an å bestille ein stor Kalita på deling!
Nora Magasin
Pósthússtræti 9
Liten men bra meny, veldig gode hamburgarar. Bar er det også, så dei har eit godt utval av bra drikke til maten.
Bakarí Sandholt
Laugavegur 36
Om ein vil ete frukost ute er dette det beste alternativet. Servicen er litt over gjennomsnittleg surrete og styr unna kaffien (!) men alt anna er himmelsk. Ein får ikkje den klassiske egg-og-bacon-frukosten her, men om ein skulle kjenne seg meir i det moduset når ein kjem fram er det berre å smyge seg rett over gata til Tíu Droppar – der har dei!
Tips: om du ønsker yoghurt (med müsli) bestill Skyr (med müsli) i staden! Mykje betre.
Grillmarkaðurinn
Lækjargata 2a
Dyr men så himmelsk god mat. Ein bør unna seg ein tur her om ein har råd. Og sjølvsagt: kom svolten! Om ein er her i sommarhalvåret kan det vere lurt å bestille bord for sikkerheits skuld. Men på generell basis blir det sjeldan heilt fullt ein stad i Reykjavik. (med unntak av Reykjavik Roasters)
Pizzastaðurinn á Hverfisgötu 12
Hverfisgata 12
Her finns det masse rar og bra pizza. Huset kan vere vanskeleg å finne, då det er veldig anonymt. Staden har ikkje eingong eit namn, den vert berre kalla pizzaplassen i Hverfisgata 12. Finn adressen og gå opp treppene til eit kvitt hus, så er du på rett veg.
Gandhi
Pósthússtræti 15
Den beste indiske restauranten i Reykjavik utan tvil. Maten tar litt tid, så ikkje gå hit om du er akutt svolten. Opnar ikkje før 17:30 som er eit minus for meg som gjerne vil ha mat litt før, men det er verd å vente på. Har prøvd omtrent halve menyen i løpet av mitt opphald – og ingenting har skuffa.
Tips: musikken her er ganske fæl, men heldigvis ganske låg. Ikkje sett deg rett under høgtalarane om det er mogeleg å velje eit anna bord.
PrikiðBankastræti 12
Den beste burgaren i Reykjavik, kanskje den beste på Island til og med. Også ein hyggeleg stad å ta ein øl i kveldinga, gjerne i kombinasjon med den berømte burgaren.
GlóLaugavegur 20b
Enkle og billege vegetariske og veganske rettar, servert på flekken. Mange nyttar dette som dagleg lunsjstad, og er perfekt for studentlommebøker som vil ha god sunn mat raskt.
ValdísGrandagarður 21
Is is is! Er det fint vær? Spaser ned til dette herlege havneområdet og nyt ein fantastisk is. I mine auger blir det aldri for kaldt for is, men i regnvær er både spaserturen og isetinga utandørs kanskje litt kjeisam.
Spúútnik
Laugavegur
Ganske stor men ganske oversiktleg vintagebutikk. Muligens min personlege favoritt. Super stad å gå på skattejakt – og sjansane er store for at ein finn noko nedgravd. Prisane her er ganske bra, og nokre gonger har dei det som heiter Kilo-marknad, altså ein betaler pr. kg klær. Då kan ein tjene mykje på å gå for dei litt tynne skjørta eller dei fluffy strikkegensarane – som gjerne ikkje veg like mykje som dei er verd!
Prisane er etter mi meining litt høge for seconhand. Men prisnivået på Island er om lag som i Noreg, så eg forventa igrunn ikkje noko anna.
Kiosk
Laugavegur 65
Ein butikk i felleseige av fleire islandske designarar. Det er stor variasjon av stilar og produkt – alt frå vinterkåper til badedrakter. Ein stad ein bør stikke innom rett og slett for å sjå kva Reykjavik-baserte designarar driver med, bli inspirert og kanskje finne den perfekte gensaren mellom alt det rare (det gjorde i alle fall eg).
Tips: Kyrja er til salgs her, ein av mine island-favorittar.
Geysir
Skólavörðurstíg 9
God blanding av Islandske designarar og internasjonale hits som Red Wings og Barbour. Danske Ganni har sneke seg med her også. Klær på Island bær preg av å setje funksjonalitet og haldbarheit først, fordi det er det som fungerer her. Geysir tilbyr varme klær i eit heimekosleg lokale.
Myrin
Hafnarhus (Geirsgata 9)
Kringlan (shopping senter)
Har litt diverse nips og naps til heimen, samt klær frå finske Samuji. Hadde ikkje høyrd om Samuji før eg flytta til Island, men vart ganske kjapt forelska. Prisnivået er over gjennomsnittleg høgt som i dei fleste butikkar på Island, men kvalitetsnivået ligg like høgt. Dessutan er det heilt gratis å sjå og bli inspirert.
GK Reykjavik
Bankastræti 11
Klassiske klær frå merker som Wood Wood og Won Hundred ++, om ein skal ha med seg litt god gamaldags shopping.
KronKron
Laugavegur 63B
Om ein er ute etter litt designarklede er dette butikken å stikke innom. Atmosfæren står i stor kontrast til det typiske skandinaviske klessiske som ofte er i designarbutikkane her heime, og ein finn noko for einkvar smak og stil.
12 Tónar
Skólavörðurstíg 15
Musikkbutikk med utval både av CD og LP. Om ein smyger seg ned ei vindetrapp har dei eit eige lyttehjørne der ein kan lytte gjennom både LP- og CD-platene før ein eventuelt kjøper noko. Det kjennes som ein privat liten klubb i kjellaren, og det er lov å berre nyte musikk utan nokon intensjonar om kjøp også.
Eymundsson
Austurstræti 18 + Skólavörðurstíg 11
I Austurstræti har Eymundsson fire etasjar med bøker og magasin, og det er absolutt det største utvalet ein finn. Ikkje la deg lure av turistbøkene ved inngangen, resten av bygget er ikkje turistprega. Te & Kaffi har ein avdeling i øverste etasje, og det er lov å plukke med seg magasin (max 3) og lese dei her gratis.
Tips: om du vil kjøpe magasin trekk fram det bakerste, dei to fremste er mest truleg lest eit par gonger i kafeen. Oftast er det ingen skader, men det er kjedeleg om ei side eller to skal ha krølla seg.
Spark Design Space
Klapparstígur 33
Her får islandske designarar, kunstnarar og fotografar vist seg fram. Dei har mellom anna kunstkart frå byar over heile verda, som er passe enkle og fine. Prisane er høge, men dette er ein butikk det er lov å berre sjå i.
Norræna húsið
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
26–12–2014
Dette er bilde av eit av mine favorittbygg i Reykjavik: Norræna húsið, teikna av Alvar Aalto på sekstitalet. Hit pleide eg å ende opp på søndagsturar med kamera over skuldra. Min siste dag i byen gjekk eg også hit for å forevige synet i vinterlys.
Etter julefeiring heime i Sogn reiste me i går til hytta på austlandet. Her er det internett sånn når det passar seg, straum på solcellepanel, kvite busker og varme peisar. Akkurat det ein treng etter fleire dagar på reis med flyttelass. Om internett tillét dukkar det opp litt Island-bilder i romjula, i januar skal eg i alle fall få framkalla dei analoge – det gler eg meg til!
Black beach + white glacier
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
19–12–2014
Island-sørkyst i vinterdrakt. Eg vert aldri mindre fasinert av kontrasten den svarte lavagrunnen på denne øya gir. Kolsvart sand, stein, klipper. Endå svartare verker dei saman med krittkvit snø og bølgjeskum, ein finn ikkje landskap som dette kvar som helst. Island, du er så vakker!
Goodbye Listaháskóli
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
14–12–2014
Fredag var min siste dag på Listaháskóli. Klassen rigga opp til semesterets siste framføring av prosjekt før me pakka alt saman igjen og tok juleferie. Det kjendes litt rart å kaste alle kaffipappkrusa og pakke saman skissebøkene og forlate klasseromet ein aller siste gong. Litt ekstra tomt, til tross for havet av papir og prints og utstyr og potteplanter. Men så godt det kjennes å ha klart det! Eg har utveksla til Island!
Vixen Blog Awards
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
13–12–2014
I år som i fjor er eg semifinalist i Vixen Blog Awards, årets fotoblogg! Og sjølvsagt blir eg superglad om du vil gå inn og stemme på meg her. Eg er ho med det grøne bildet. Sida ser ikkje ut til å fungere ordentleg i Google Chrome for augneblinken, men eg reknar med det ordnar seg – til då kan ein berre opne i kva som helst anna nettlesar.
Iceland
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
11–12–2014
Island er skikkeleg island for tida, med snø og bitande vindar – og eg tykkjer det er helit supert. Eg kryssa fingrane for skikkeleg desembervær før eg skulle heim igjen, og det har eg verkeleg fått. Med det kvite teppet kom mykje av dagslyset tilbake, dette fantastiske mjuke vinterlyset med skumringa lurande rundt hjørnet. Snøen legg seg i håret og i jakkelommene som små perler som ikkje vil smelte heilt endå. Så får ein heller tåle litt vind – det er jo tross alt Island.
On goodbyes
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
10–12–2014
Eg har møtt menneske her, oppdaga stader her, kjent meg på rett plass her på ein annan måte enn eg har gjort før. Eg tenkte aldri på at eg kunne bli så knytta til denne staden før eg kom hit. Det skulle vere eit halvtårs eventyr og så tilbake til verkelegheita. Men eventyret vart så verkeleg. Og akkurat no vil eg berre at det skal vare endå litt til.
Det kjennes rart at nesten eit år med planlegging, søking, venting og papirfiksing kan renne vekk mellom fingrane i så høg fart. At fem månader kan spolast gjennom, og dei inkluderte ikkje eingong ein pauseknapp. Men kanskje det er akkurat slik det skal vere. Kanskje Island er ein stad eg ikkje skal få nok av heilt endå, kanskje ein stad eg ikkje skal få nok av på lenge.
Til sommaren skal eg tilbake, og kanskje ein liten tur litt før den tid også, om eg ikkje klarer å vente. Eventyret treng ikkje vere over sjølv om eg ikkje skal bu her meir. Det er det som er så fint med stader som dette, dei har ein tendens til å vere der når ein kjem tilbake også. Ein treng ikkje seie hadet, men på gjensyn.
Saturday Sunday
Kategori: Bloggarkivet 2013 - 2019
07–12–2014
Første laurdagen i desember. Me sov lenge og åt frukost på bakeri og henta oss kaffi frå Reykjavik Roasters sin pop-up kafé på kunstmuseet. Sånn passe slapp laurdag som ein treng etter å ha levert inn semesterrapport og hatt trykkdeadlinar tett i tett den siste veka. Gler meg til å sjå resultata, berre den beste delen igjen.
Søndagar er til for kafé og ikkje så mykje anna, og denne søndagen var akkurat sånn. Me åt frukost og drakk kaffi lenge. Gjennoppdaga Harpa ved havna. Tok bilete i vinterlyset så lenge det vara, for no er det ikkje så mange timar med dagslys att her oppe. Har gløymd vekk kvardagsfotograferinga litt dei siste månadane, det var godt å ha kameraet med over skuldera igjen. Lova meg sjølv å passe på å dokumentere Reykjavik litt betre, både for den planlagde guiden og mi eiga skuld.